Anmeldelse fra Kjell Magne Gjøsæter, Fitjar. (Utdrag)

Andersen veit kva han skriv om med sin bakgrunn i politiyrket gjennom 40 år. Det er ikkje vanskeleg å sjå at temaet rus ligg hans hjerta nært. Og det er styrken i romanen. For kva skjer med ein person som stadig søkjer seg til flaska? Og korleis påverkar da familie og miljøet rundt?
Språket er bra, og det er relativt korte kapitler, som også innehar overskrift. Nokre skrivefeil er det, men ikkje av den graverande sorten.

«Det eneste som hjalp nå var brennevin. Det var han helt sikker på. Sterkt brennevin. Nå følte han seg mer utmattet enn på lenge, og visste at han fikk delirium om han ikke fikk tak i sprit eller medikamenter som hjalp tilstanden hans. Først da kunne han bli frigjort fra et smertehelvete og hallusinerende opplevelser.»

Boka handlar fyrst og fremst om Thomas og den tidlegare venen hans, Ansgar. Eg likar at forfattar har få personar med i boka. Navn er nesten ikkje brukt, noko som gjer persongalleriet særs oversikteleg. Me kjem under huda på desse to hovedpersonane, og rus er sjølvsagt hovedtyngda i boka. Det er dessverre mange skjebner der ute, og Andersen skildrar nokre av dei meget godt i denne boka.

Det er også gode skildringar av floraen i den norske naturen. Forfattar er inne på plante og dyreliv rett som det er. Og ein lærar ein del om urter og korleis ein skal navigera i terrenget. Så dette er med andre ord ikkje berre ei rein rusrelatert krimbok, men også ei informativ bok om korleis ein kan leva av naturen.

«På ville veier – mot ukjent mål» er ei historie om kva rus kan føra med seg, og få kjenner til dette betre enn forfattar Ole J. Andersen. Til tidar ei god bok, og eit godt driv som gjorde at sidene flaug av stad. Det var eit hyggeleg fyrste møte med ein ny forfattar for min del, og garantert ikkje den siste boka eg les av han.